Eg er arrangementsansvarleg for eit løp. Av ukjende årsaker har ikkje alle klubbar klart å melde seg på løpet via Eventor. Eg tenkte da det vil vere praktisk å legge inn dette manuelt, for desse klubbane. Slik at vi har ein samla oversikt over klassevis påmelding, etteranmeldte osv. Men finn ikkje ut at eg kan legge inn andre enn frå eiga klubb, sjølv om eg er arrangementsansvarleg.
Ei anna sak er da at om eg legg inn desse no, vert dei registrert som etteranmeldte (første påmeldingsfrist gått ut). Kan dette endrast?
Oppdaga også at ein som var meldt på feil klasse, fikk eg heller ikkje endre etter fristen var gått ut.